Testkriteriar 

Testkriteriar 

Det er no veldig stor pågang ved alle laboratorium i Noreg for å få gjennomført desse undersøkingane, og dei arbeidar 24t i døgnet med dette. Det er likevel såpass stor pågang, samt mangel på personale.

Testar

Noreg ynskjer å testa så mange som mogeleg, men dette er dessverre umogeleg slik tilstanden er no. Difor vil ikkje alle bli testa.  

For å sikra at helseressursar og testkapasitet vert nytta best mogeleg, er det naudsynt å presisera at personar utan symptom ikkje skal testast. Videre vert det presisert no at helsepersonell med milde symptom kan sjå an symptoma i to døgn før dei vert testa. Gruppa av sårbare personer er også betre definert.

Sårbare grupper

Dei som har akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller kortpusthet og som samtidig:    

  • Har behov for innlegging.  
  • Er pasient eller bur i ein helseinstitusjon.   
  • Er tilsett i helsetenesta med pasientnært arbeid. Denne gruppa kan vurderas for testing også ved mildare akutte luftvegssymptom som har ei varigheit på meir enn 2 døgn (mens dei held seg heima). 
  • Er over 65 år og har underliggjande, kronisk sykdom (som hjarte-karsjukdom, diabetes, kronisk lungesjukdom, kreft og høgt blodtrykk).   
  • Har vore i nærkontakt med ein person som har bekrefta koronavirussjukdom (covid-19). Denne gruppa kan om naudsynt prioriterast ned ved mangel på kapasitet. 

Stor innsats

Det er veldig mange som gjer ein stor innsats. Eg ser at alle er med på denne dugnaden. Det er eg takksam for, og dette er viktig for vegen vidare. Det har blitt arbeida mykje med å legga planar, samt legga til rette for at me skal vera best mogeleg rusta vidare. Fortsett det gode arbeidet!

 

Rita Høvset

Kommuneoverlege