Til alle som ferdast i fjellet

Til alle som ferdast i fjellet

Eidfjord kommune ynskjer at alle innbyggjarar som ferdast i fjellet i desse tider viser ekstra aktsemd. Det er pr. 20.03.2020 ikkje innført noko forbod om å reise på hytter innanfor kommunen

Me ber likevel om at ein gjer nøye vurderingar og tar gode forhaldsreglar før ein ferdast i fjellet, både på hyttetur og på mindre skiturar. Dette er for at ein ikkje skal få meir press på helse og redningstenester.  

Råd til dei som ferdast i fjellet:  

  • Ta ekstra hensyn til vær- og føremeldingar 
  • Oppretthald smittevernrutinar også i fjellet 
  • Hald minst 1 meter avstand til andre 
  • Ikkje samle mange folk på ein stad, t.d i skiløyper 
  • Hald deg oppdatert via radio/media dersom myndighetene innfører nye rutinar 
  • Ikkje set deg sjølv eller andre i fare eller auka risiko 
  • Vent med risikofylt arbeid til koronakrisa er over 

Me har behov for alt av helsepersonell me har, både her i kommunen og på Voss Sjukehus. Ulike skadar på fjellet og hytta vil krevja ressurser me ikkje har. 

Eidfjord kommune ynskjer elles innbyggjarane sine ei smittefri tid, ta vare på kvarandre!