Til elevar og føresette i 1. - 10. klasse (11.05.20)

Til elevar og føresette i 1. - 10. klasse (11.05.20)

Lægreid skule opnar for alle elevar på måndag 11.mai, og for å avgrensa smitte har me sett i gong fleire tiltak. Me er ekstra nøye med å trygga godt smittevern. Dette avheng av at me alle gjer ein innsats og følgjer råda for smittevern.  

Smittevern

I perioden framover er me ekstra nøye med å trygge godt smittevern. Dette avheng av at me alle gjer ein innsats og følgjer dei nye råda for smittevern.

På skulen vil me vera spesielt opptekne av

  • Vaska hender og læra elevane gode rutinar for handvask
  • Ha godt reinhald
  • Vaska utstyr jamleg, til dømes nettbrett
  • Vera ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFO
  • Ha undervisning og samlingar i mindre grupper
  • Halda god avstand til kvarandre

Oppmøteplass kvar morgon

  • Camilla eller Gunnhild møter 1.- 2. klasse utanfor SFO/1. klasse
  • Helene eller Åsne møter 3. klasse utanfor småtrinnsinngangen
  • Trude eller Svanhild møter 4. klasse utanfor mellomtrinnsinngangen
  • Vaksne fylgjer elevane til sitt klasserom og ser til at smittevernreglar vert fulgt

I klasseromma har me gjort desse tiltaka

  • Pultar med minst ein meters mellomrom
  • God avstand i garderoben, unngå trengsel
  • Personlege skulesaker til alle
  • Faste toalett til kvar klasse
  • Fast inn- og utgang av bygget
  • Ikkje dela på bøker, utstyr, iPad-ar

Uteområdet

Uteområdet vert delt i fleire områder. Klassane vert fordelt i dei ulike områda.

Kroppsøving/symjing

  • Idrettshall og samfunnshus er stengt
  • Det vil vera fysisk aktivitet/kroppsøving ute

Hygiene-tiltak

  • Handvask heime, før borna reiser til skulen/SFO
  • Handvask om morgonen når dei kjem til skulen
  • Handvask etter kvart friminutt
  • Handvask før og etter mat
  • Handvask ved toalettbesøk
  • Bruke handsprit ved andre overgangar
  • Vaske alle overflater fleire gongar i løpet av dagen
  • Ha med våtserviettar og handsprit ute på tur
  • FHI sine handvask-rutinar og vaner som førebyggjer smitte heng på alle klasserom og toalett
  • Dei vaksne i kvar gruppe skal læra elevane gode handvaskrutinar og hostehygiene

Retningsliner for oppmøte på skulen/SFO

  • Elevar og tilsette med luftvegs-symptom skal ikkje møte på skulen
  • Elevar og tilsette kan møta på skulen etter at dei har vore symptomfrie i eit døgn

Dersom sjukdom oppstår

Dersom ein elev viser teikn til sjukdom på skule/SFO, skal eleven bringast til eit eige rom, og foreldre skal kontaktast for henting.

Klikk for stort bilete   

Sjå elles "Informasjon til foreldre i skulen"

Annan info

  • Ta med niste og drikke til både skuletid og SFO
  • Dersom elevane tek skuleskyss, må dei hugse på ¨halde god avstand, både medan dei ventar på bussen og i bussen. Sjå elles info om skuleskyss
  • Skule og SFO har vanlege opningstider
  • Minnar om Smittevernrettleiar for grunnskulen som ligg på udir.no. Denne finn de også på heimesida til kommunen. 

Det vert sendt ut meir informasjon i Visma Flyt Skole om kohortar, uteormåde og oppmøteplass m. m.


Informasjon til foreldre i skulen  (FHI) 
 

 Klikk for stort bilete