Viktig informasjon om testing av corona

Viktig informasjon om testing av corona

Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakta helsevesenet med mindre dei har behov for helsehjelp.

13.03.20 kl 12.48

Dette gjeld sjølv om du som er i karantene får luftvegssymptomar uten behov for helsehjelp.

Det er viktig at me avgrensar testing til det absolutt nødvendige då det er mangel på utstyr og testmateriale. Det er òg stor pågang på telefon med eit behov for å avgrensa dette i størst grad, slik at dei som treng det mest får helsehjelp.

  • Pasientar med akutt innsettande luftvegsinfeksjon med behov for innlegging på sjukehus
  • Innlagte pasientar i alle helseinstitusjonar med akutt luftvegsinfeksjon
  • Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid som får akutt innsettande luftvegsinfeksjon
  • Person med akutt luftvegsinfeksjon som har vore i nærkontakt med eit stadfesta tilfelle av covid-19. Kva som er nærkontakt vert avgjort av lokale helsemyndigheiter.
  • Spesielt sårbare grupper bør vurderast for testing sjølv ved milde symptom.