Siste nytt

Siste nytt

Siste nytt om korona i Eidfjord.

Smittetala er sist oppdatert 25.05.20 kl. 14.27. Testkriteria er endra, og me vil testa fleire i tida framover. Antal testa vil ikkje publiserast, men dersom det kjem positive prøvesvar vert dette lagt inn i tabellen under.
Oversikt koronasmitte Eidfjord
Smitta
0

Barn med nyoppståtte luftvegssymptom

Barn i barnehage- eller barneskulealder med nyoppståtte luftvegssymptom – når skal dei skal vera heima frå barnehage/skule, og når skal dei testast for covid-19?

Barn med nyoppståtte luftvegssymptom (PDF, 93 kB)

18.09.2020 12.00

Opning av Eidfjordallen

Etter eit halvt år med stenging er det endeleg klart for aktivitetar i Eidfjordhallen. Me opnar for bruk frå måndag 14. september. Det er viktigt at alle brukarar set seg inn i smittevernrutinar for bygget. Styrkerommet har eigne smittevernrutinar. 

Informasjon om opning av Eidfjordhallen

Smittevernrutinar for styrkerommet

11.09.2020 11.00

Pressemelding - korona 24.08.20

Me har no fått svar på alle prøvane som er teke i samband med smitta tilsett på Lægreid Skule, og alle er negative.

Me er veldig glade for at så mange har ønska å testa seg, det gjev tryggleik for alle i Eidfjord. På bakgrunn av dette opnar skulen i morgon (tysdag 25.08.20) som normalt.

24.08.2020 14.40

Pressemelding om koronasituasjoen

Ein tilsett ved Lægreid skule i Eidfjord kommune er koronasmitta. Vedkomande har ikkje hatt elevkontakt, men mange av tilsette er sett i karantene.

Skulen, SFO og kulturskule er stengt til og med måndag 24. august 2020.

Pressemelding 19. august 2020

19.08.2020 13.00

Koronasmitte i Eidfjord

Lægreid skule vert stengt i morgon som følgje av koronasmitte ved skulen.

Ein tilsett ved skulen er koronasmitta. Eidfjord kommune har gjennomført smittesporing, og alle som er definert som nærkontaktar vart kontakta i kveld.

Lægreid skule vert heilt stengt 19.08.2020, og det vert ikkje gjeve noko form for tilbod denne dagen.

Eidfjord kommune kjem attende med meir informasjon i morgon 19.08.2020.

18.08.2020 22.04

Oppstart Lægreid skule

Skulen byrjar måndag 17. august, klokka 08.30. Grunna Covid-19 er det gjort nokre endringar som de bør vera merksam på.

Velkomen til nytt skuleår ved Lægreid skule!

11.08.2020 13.00

Modnen barnehage

Modnen barnehage ynskjer gamle og nye barn velkomen til eit nytt barnehageår. Samstundes minnar dei om at barnehagen driv etter gult nivå når det gjeld smitteverntiltak i samband med Covid-19.

Modnen barnehage (info)

11.08.2020 10.27

Covid-19

SFO har no starta opp att, og me nærmarar oss nytt barnehage- og skuleår. Mange av oss eidfjordringar har vore på ferie i eige land og endå fleire har besøkt oss i Eidfjord i sommar.

Ordførar, Anders Vatle, om Covid-19 

05.08.2020 14.00

Det er utarbeida eigne smittevernreglar for skjenke- og serveringsstadar

03.07.2020 15.00

Skal du til lege, så avtal tid på førehand

Legekontoret ynskjer at alle som oppsøkjer dei har avtalt tid på førehand. Dette på grunn av smittevernshensyn, men òg på grunn av ferieavvikling.

03.07.2020 13.29

Styrkerommet framleis stengt

Styrkerommet i Eidfjordhallen vil framleis vera stengt etter samråd med kommunelegen og helsemyndigheitene sine tilrådingar. Ny vurdering til hausten med tanke på korona situasjonen.

Ved gjenopning av styrkerommet vil alle som har kjøpt styrketreningskort få dette forlenga automatisk for same tidsperiode styrkerommet har vore stengt.

16.06.2020 14.30

Kultur- og idrettsarrangement

Forbodet mot kultur- og idrettsarrangement som ikkje kan ivareta krava i covid-19-forskrifta vil gjelda fram til 15. juni 2020.

Føringar for kultur- og idrettsarrangement

27.05.2020 09.35

Kulturskulen opnar att

Kulturskulen set i gang att med undervisning mandag 18. mai.

Kulturskulen opnar att 18. mai 2020

15.05.2020 11.35

Lægreid skule opnar for alle

Lægreid skule opnar for alle elevar på måndag 11.mai, og for å avgrense smitte har me sett i gong fleire tiltak. Me er ekstra nøye med å trygga godt smittevern. Dette avheng av at me alle gjer ein innsats og følgjer råda for smittevern.

Info føresette Lægreid skule

09.05.2020 23.25

Tidsplan for endringar

Regjeringa la 7. mai 2020 fram ein plan for nedbygging av koronatiltaka. Her er oversikt over tidspunkt og tiltak.

Klikk for stort bilete 

07.05.2020 23.20

Skulen opnar att

Lægreid skule ynskjer alle elevar i 5. – 10. klasse velkomne tilbake måndag 11. mai. Det vert veldig kjekt at me endeleg kan møtast att! Det kjem ut informasjon i løpet av fredag om smitteverntiltak, organisering av skuledagen m.m.

07.05.2020 20.41

Regjeringa sin plan for å opna Noreg

Regjeringa har valt å prioritera barn og unge først, deretter arbeidsliv, deretter andre aktivitetar, seier Solberg.
 

Regjeringen med plan om å åpne Norge (NRK)

 

07.05.2020 20.05

Informasjon frå helseavdelinga

På grunn av forsterka smittevernsrutinar må me omorganisera kontoret, og ynskjer å opplysa om følgjande tiltak framover.

Tiltak på legekontoret

Tiltak på helsestasjonen 

07.05.2020 15.30

Smittevernråd til næringa i Eidfjord

Kommuneoverlege har laga eit brev til næringa i Eidfjord med konkretet smittevernråd i høve korona. 

Informasjon til næringa i Eidfjord

04.05.2020 14.10

Trygg camping

NOH Reiseliv har sett opp ei bransjenorm for handtering av smitteverntiltak ved norske campingplassar.

Trygg camping

30.04.2020 15.30

Til elevar og føresette i 1. - 4. klasse

Lægreid skule opnar no gradvis, og for å avgrense smitte har me sett i gong fleire tiltak.

Til elevar og føresette i 1.- 4. klasse 26.04.20

26.04.2020 21.18

Pressemelding om korona

Styresmaktene har signalisert at det vert lagt opp til stadig reduserte restriksjonar knytt til koronapandemien i tida framover.

Pressemelding om korona 21.04.20

21.04.2020 19.07

Nye råd om fritidsreiser

Her er dei nye råda frå styresmaktene om korleis me skal halda oss til fritidsreiser framover.

Nye hytteråd fra Folkehelseinstituttet (NRK)

21.04.2020 18.53

Korona-rettleiar for skulen

27. april opnar skulane og SFO for 1.- 4.trinn og nokre grupper yrkesfagelevar. No er rettleiarane for korleis skulane kan sikra nødvendige smitteverntiltak klare.

Korona-veiledere for skolene klare

21.04.2020 12.40

Pressemelding Hardangerrådet og Team Hardanger

Hardangerrådet og Team Hardanger med næringshagane samarbeider no tett for å støtta næringslivet i Hardangerregionen gjennom denne krisa som råkar alle på ein eller annan måte.

Presseskriv om tiltak og arbeid i hardagnerregionen ifm. koronakrisa

21.04.2020 12.19

Opning av fysioterapiavdelinga

Måndag 20. april startar reopning av fysioterapiavdelinga. Terapibassenget vil framleis vere stengd på ubestemt tid. Avdelinga vil framleis vere stengd for eigentrening og publikum utan avtalt time. 

Opning av fysioterapiavdelinga

20.04.2020 13.40

Digital fritidsklubb

Me håpar alle ungdomane i Eidfjord vil bli med i vår digitale klubb i Discord. Der kan me chatte, høyra på musikk, sjå film, ha konkurranser og andre hendingar.

For å koma inn på vår «side» trykk på linken og last ned appen.

(Eidfjord kommunale fritidsklubb)

Discord

 

20.04.2020 12.10

Oppheving av hytteforbodet

Måndag 20. april vert det såkalla «hytteforbodet» oppheva. Styresmaktene påpeikar framleis at ein skal unngå unødvendige reiser og fritidsreiser. 

Om hytteforbodet og fritidsreiser

16.04.2020 08.40

Ordinær foreldrebetaling i barnehage og SFO fra 14. april

Regjeringa har bestemt at foreldre som mottek tilbod i barnehage eller SFO skal betala for dette frå og med 14. april.

Foreldrebetaling frå 14. april

15.04.2020 13.15

Utekontakten Voss

Påska er tradisjonelt ei høgtid der familie og vener treffes, slik vert det ikkje denne gongen.

Utekontakten Voss tenkjer at det difor er meir viktig enn nokon gong, at ungdom får tilbod om ein trygg kanal for å lufte/drøfte frustrasjon og vanskelege saker.

 

Utekontakten på Facebook

08.04.2020 21.16

Krisepakke til arrangement

Arrangørar  i  frivillige lag- og idrettssektoren  som har avlyst, stengt eller utsett arrangement, som følge av råd eller pålegg frå myndigheitene i samband med  koronaviruset,  kan  få  kompensasjon.

Krisepakken for korona-avlyste, stengte og utsatte arrangement

08.04.2020 11.48

Påskehelsing frå ordføraren

Påsken står for døra, og i år vert det ein litt uvanleg påske. Les fungerande ordførar, Aslak Lægreid, si påskehelsing til eidfjordingane.

Påskehelsing frå ordføraren

08.04.2020 08.32

Næringsaktørar i Eidfjord

Næringslivet i Eidfjord er hardt råka av koronakrisa. Mange bedrifter er sett i ein vanskeleg og særs krevjande situasjon. Det kan vera trong for hjelp til å for å få oversikt over den akutte og framtidige økonomiske situasjonen. Eidfjord kommune ynskjer å bidra til at verksemdene kan greie å komme gjennom denne krevjande tida.

Næringsaktørar i Eidfjord

07.04.2020 20.31

Gradvis gjennopning av landet

Regjeringa presenterte tysdag 7. april sju endringar for gradvis gjennopning av landet. 

Regjeringa sine 7 tiltak

07.04.2020 19.00

Påskehelsing frå kommuneoverlegen

Kommuneoverlege Rita Høvset kjem med ei påskehelsing til alle i Eidfjord. Eidfjord har ingen smitta enno, dette er takka vera at alle har bidrege med å fylgja tiltaka som både regjeringa og kommunen har kome med.  Me kan likevel ikkje sleppe opp men framleis fylgje dei råda som gjeld for å førebyggja smittespredning.

Påskehelsing frå kommuneoverlegen

07.04.2020 13.40

Bransjenytt frå Visit Hardangerfjord

Det vert kontinuerleg implementert nye tiltak som skal hjelpa verksemder gjennom korona-pandemien. Her finn du ei rekke nyttige linkar med informasjon om aktuelle moglegheiter og rettigheiter.

Informasjonsside Visit Hardangerfjord

07.04.2020 12.00

Grasbanen opna for trening

Grasbanen er no opna for eigen trening. Trening skal fylgja helsedirektoratet sine retningsliner, Norges idrettsforbund har difor utarbeida sine eigne fellesidrettslige anbefalingar i samråd med Helsdirektoratet.

Fotballens koronavettreglar - Eidfjord idrettslag

06.04.2020 19.45

Kompensasjonsordninga

Kompensasjonsordninga skal bidra til at levedyktige verksemder som er hardt ramma av virusutbrotet skal
koma seg gjennom krisa.

Kompensasjonsordninga (PDF, 3 MB)

03.04.2020 19.11

Miljøstasjonane opnar

Etter oppmoding frå fylkesmannen og miljødirektoratet opnar IHM miljøstasjonane att.

Me opnar opp våre miljøstasjonar

03.04.2020 18.02

Pressemelding

Eidfjord formannskap vedtok i møte 2. april ei ytterlegare forsterking av dei nasjonale føringane – ved å vedta lokale tiltak. Heimelen for dette er smittevernlova.

Hovudtrekka i vedtaket er slik:
Stenging av skitrekket i Sysendalen, stenging av alle overnattingsstader, og forbod mot alle former for «fri Camping». Formannskapet har likevel teke omsyn til dei som har samfunnskritiske funksjonar, og aktivitet verksemder har i høve til næringsføremål.

Pressemelding heimepåske og smittevern

03.04.2020 16.50

Kva er lov i påsken?

Det er påske og mange lurar på kva me kan og ikkje kan i desse dagar. Me har prøvd å svara på noko av det me får spørsmål om.

Kva er lov i påsken - spørsmål og svar

03.04.2020 16.45

17. mai

I år vert det ein annleis 17. mai. Den tradisjonelle 17. mai feiringa utgår og innbyggjarane vert beden om å leggja feiringa av nasjonaldagen til familien i år.

Ikkje tradisjonell 17. mai i år

03.04.2020 16.00

Oppdatering frå Bygdaheimen

No er det snart påske, og mange har nok i tankane at dei skulle ynskja at dei fekk gå på besøk til sine på sjukeheimen.  Helse – og omsorgsdepartementet har ikkje opna opp for dette enno, og signala som vert gjeve er at sjukeheimane ikkje vert dei fyrste som vert opna når samfunnet gradvis skal over i nesten normalt gjenge att. Bygdaheimen har difor sendt oss ei stautusoppdatering no når me går mot påske. 

Påskehelsing frå Bygdaheimen

03.04.2020 13.45

Eidfjord Røde kors i påsken

Eidfjord Røde Kors skal ikkje ha vakter på fjellet i påsken i år, men er i beredskap som ellers i året, og er klare for å hjelpa om det trengst.

Røde Kors sine koronavettreglar

02.04.2020 10.10

Tiltakspakke Vestland

Vestland fylkeskommune ønskjer å dempe konsekvensane av korona-pandemien med eit sett tiltak med ei samla kostnadsramme på kr 22 100 000.

Tiltakspakke Vestland

01.04.2020 15.32

Fysioterapitenesta

Fysioterapitenesta i Eidfjord kommune vil framleis vera ute av ordinær drift ei tid framover. Om nokon treng å snakke med fysioterapeut, er me tilgjengeleg på telefon. Ring 92052805 for råd og rettleiing.

31.03.2020 12.32

Legetenester i Eidfjord

Legekontoret er opptekne av å gje alle som treng det helsehjelp, ikkje berre der me kan ha mistanke om koronavirus.

Legetenester i Eidfjord

27.03.2020 15.56

Til føresette på skulen

Som de veit, blir det fjernundervisning til påske. Vi veit ikkje kva situasjonen blir etter påske, men gir dykk informasjon så snart vi veit meir.

Til føresette på Lægreid skule

27.03.2020 14.47

Nyttige tips

Nokre tips om kva me kan gjera og ikkje kan gjera i desse dagar.

Korona - kan, kan ikkje

25.03.2020 15.14

Eksamen avlyst

Alle eksamenar for 10. trinn og alle skriftlege eksamenar for vidaregåande skule er avlyst.

Eksamen avlyst

25.03.2020 14.40

Strenge tiltak til etter påske

Regjeringa varslar stengte skular og barnehagar til etter påske for å halde koronatala i sjakk.

Koronatiltakene videreføres til over påske - NRK

24.03.2020 21.27

Testkriteriar

Noreg ynskjer å testa så mange som mogeleg, men dette er dessverre umogeleg slik tilstanden er no. Difor vil ikkje alle bli testa.  

Testkriteriar (kommuneoverlegen)

22.03.2020 16.37

Status frå Eidfjord kommune pr 23.03.2020

Eidfjord kommune er komen langt i arbeidet med å førebu seg for eit større utbrot av koronaviruset. 

Status frå Eidfjord kommune pr 23.03.2020

22.03.2020 13.16

Statleg garantiordning

Stortinget vedtok laurdag 21. mars lov om statleg garantiordning for små- og mellomstore verksemder og lov om Statens obligasjonsfond, i tråd med forslag som vart fremja.

Les meir om dette på heimesidene til advokatfirma Wikborg Rein

22.03.2020 10.58

Råd og informasjon om koronavirus

Folkehelseinstituttet har mykje informasjon om korleis den enkelte kan førebyggja smitte, kva du bør gjera om du har vore på reis, og kva tiltak dei tilrår.

Koronavirus - temaside 

22.03.2020 10.24

Forbod mot overnatting på fritidseigedomar i Eidfjord kommune

Statlege mynde har i eiga forskrift vedteke forbod mot overnatting på fritidseigedom utanfor eigen heimkommune.

Forbod mot overnatting på fritidseigedomar i Eidfjord kommune

20.03.2020 13.09

Foreldrebetaling

  • Når barnehage og SFO er stengt grunna korona skal ikkje føresette betale for plassen
  • Det same gjeld varm skulemat
  • Faktura for mars månad er sendt ut med forfallsdato 20. mars. Føresette betalar denne fakturaen.
  • Det blir ikkje sendt ut ny faktura før me veit når alt opnar att.
  • Dei stengte dagane kjem som fråtrekk på neste faktura.
20.03.2020 13.06

Til alle som ferdast i fjellet

Eidfjord kommune ynskjer at alle innbyggjarar som ferdast i fjellet i desse tider viser ekstra aktsemd. Det er pr. 20.03.2020 ikkje innført noko forbod om å reise på hytter innanfor kommunen.

Råd til dei som ferdast i fjellet

20.03.2020 12.25

Informasjon om kommunale helsetenester

På grunn av koronakrisa er det for tida svært stor belastning på helsetenesta i Eidfjord kommune. Det er ikkje sikkert at me på litt sikt har kapasitet til å oppretthalda det kommunale helsetilbodet som me har i dag.

Informasjon om kommunale helsetenester

18.03.2020 13.57

Utdanningsdirektoratet om koronasituasjonen

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen fra Utdanningsdirektoratet

Utdanningsdirektoratet om koronasituasjonen

18.03.2020 11.19

Statusoppdatering frå Bygdaheimen

Bebuarane på Bygdaheimen har det bra, og personalet har sendt ut ei lita oppdatering på kva som skjer om dagane.

Les meir om det i artikkelen "Statusoppdatering frå Bygdaheimen"

18.03.2020 11.00

Registrering av kompetanse, behov for hjelp og frivillige

Her er det me er ute etter:

  • Kompetanse/erfaring innan helsefag
  • Innbyggjarar som vil vera frivillige og kan handla og gjere ærend for andre, som ikkje har høve til dette.
  • Innbyggjarar med behov for hjelp

Skjema for registrering

Du kan også ringa sentralbordet direkte: 53 67 35 00 mellom kl. 09- 15.

17.03.2020 14.47

Karantenereglane - viktig informasjon til innbyggjarane

Eidfjord kommune jobbar intenst med å hindra at me får Corona-smitte til bygda. Alle bidreg til dette.

  • Me fylgjer dei sentrale retningslinene for karantene som er kome frå Helsemyndigheitene.
  • Me ynskjer færrast mogleg i karantene – fordi me treng personalressursane våre til å utføra arbeid.
  • Det er viktig at alle er kjend med desse reglane – og det er svært viktig at alle fylgjer dei.

Nye reglar for karantene, isolasjon og opphold på fritidseiendommer

17.03.2020 12.00

Alle arrangement er avlyst

Alle arrangement er avlyst. Dette gjeld i fyrste omgang til og med 26. mars. 

Les meir om dei omfattande tiltaka som er vedteke av Helsedirektoratet for å hindre spreiing av viruset.

17.03.2020 11.25

Miljøstasjonane stengt for private

Indre Hordaland Miljøverks IKS har i beredskapsmøte 16.03 vedteke at alle miljøstasjonar vert stengde for private inntil vidare. Innsamlingsrutene for hushaldningsavfall går som vanleg.

Miljøstasjonane stengt for private

17.03.2020 10.50

Behov for barnehageplass?

Har du ei samfunnskritisk stilling og behov for barnehageplass? Dette tilbodet vert primært ytt til familiar der alle tilgjengelege omsorgspersonar har samfunnskritiske funksjonar – og anna barnepass difor ikkje er mogleg.

Viktig informasjon til arbeidsgjevarar og arbeidstakarar

16.03.2020 15.25

Innsyn og postlister

Me har sett oss nødt til å deaktivera "Innsyn og postlister" inn til vidare pga bemanningsituasjonen. Dersom du treng innsyn i enkeltsaker, kan du ta kontakt med Tenestetorget i Eidfjord kommune, så sender dei spørsmålet vidare til sakshandsamar.

16.03.2020 14.17

All politisk aktivitet er avlyst

Ordførar har bestemt å avlysa all planlagt politisk aktivitet fram til 14. april, som fylgje av situasjonen med koronasmitte. Dette gjeld planlagte formannskap, kommunestyre, etc. og komitèarbeid.

Eventuelle saker som ikkje kan utsetjast vil eventuelt verta haldne som fjernmøte (telefonmøte).

16.03.2020 14.00

Evjo aktivitetssenter er stengt

Evjo aktivitetssenter held stengt for å hindre smitte av koronavirus.

16.03.2020 11.45

Eidfjord småbanecup avlyst

Eidfjord småbanecup som skulle gått av stabelen 19. - 21. juni er avlyst. Dette melder arrangørane på heimesida si.

Eidfjord småbanecup avlyst - pressemelding

16.03.2020 09.49

Fjellstyrehyttene stengt

Grunna tiltak mot koronasmitte er alle fjellstyrehyttene stengt for bruk og overnatting inntil vidare.

16.03.2020 08.23

Ny forskrift om karantene gjeld også Danmark og Island

Karantenereglane vart innskjerpa 13. mars, og igjen 14. mars. Personar som har vore på reise utanfor Noreg skal i heimekarantene i 14 dagar etter ankomst. Dette har også tilbakeverkande kraft.

For ytterlegare opplysningar, sjå pressemeldinga frå regjeringa.

15.03.2020 22.31

Statsministaren ber folk reise heim frå hytta

Statsministeren ber folk reise heim frå hytta, og truar med sivilforsvaret om så ikkje skjer. Dei siste dagane har titusenvis av nordmenn reist på hytta på fjellet, til tross for mange advarslar.

Les meir om dette på heimesidene til NRK

14.03.2020 20.13

Ikkje reis på hytta

Me vil ikkje at folk nyttar fritidshusværa sine i denne perioden, men held seg heime der dei bur og har sine helsetenester. Me vil òg unngå tilreisande med mogeleg smitte til kommunen.

Me viser elles til at Helsedirektoratet rår frå fritidsreiser innanlands.

Ikkje reis på hytta

13.03.2020

Informasjon frå skule og barnehage

Modnen barnehage og Lægreid skule er stengd etter normal stengetid torsdag ettermiddag den 12.mars 2020 og inntil vidare, jf. statleg vedtak.

Les meir om tilrettelegging i barnehage og skule, og korleis undervisninga vert lagt opp i perioden

13.03.2020

Viktig informasjon om testing av corona

Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakta helsevesenet med mindre dei har behov for helsehjelp.

Viktig informasjon om testing av corona

13.03.2020

Bygdaheimen stenger

Bygdaheimen vert frå i morgon (fredag 13.03.20) stengt for alle besøkjande.

12.03.2020

Barnehage og skule stengt

Regjeringa har bestemt at alle barnehagar og skular i Noreg vert stengt mellombels.

Frå og med 12. mars klokka 18.00 vil alle skular og barnehagar i Noreg verta stengt. I første omgang vil dei halda stengt til 26. mars 2020. Dette kan verta forlenga.

Lægreid skule kjem til å ha dialog med føresette og elevar om opplæring og skulearbeid via Teams.

12.03.2020

Informasjon til innbyggjarane i Eidfjord kommune

Eidfjord kommune tek situasjonen med Coronaviruset (Covid-19) svært alvorleg. Rådmannen har sendt ut melding om kva tiltak kommune set i verk.

Informasjon til innbyggjarane i Eidfjord kommune

 

12.03.2020

Pressemelding frå Eidfjord kommune

12.03.2020

Legekontoret ope, kommunehuset stengt

Kommunehuset vert stengt for besøkjande frå og med fredag 13. mars 2020

Kommunehuset vert stengt for besøkjande frå og med i morgon fredag 13.mars. Tilsette på kommunehuset skal vera tilgjengeleg på telefon eller e-post.

Legekontoret

Legekontoret held ope som før.

Andre kommunale bygg som er stengt

  • Samfunnshuset
  • Sæbø skule
  • Fritidsklubben
  • Kino
  • Bassenget
  • Eidfjordhallen
  • Styrketreningsrommet
12.03.2020

Cruise og coronasmitte

I telefonmøte med kommunane måndag 9.mars opplyser fylkesmannen at sentrale myndigheiter vil senda ut eit skriv i nær framtid – der denne problemstillinga vert belyst. Fylkesmannen oppmodar samstundes kommunar som er cruise-reisemål om å samarbeida om dette.

10.03.2020