Babysymjing

baby-76087_1280.jpg - Klikk for stort bilete

Torsdag, 1. februar startar babysymjinga for born frå 8 veker med ei minstevekt på 4 kg. Babysymjing er ei fin form for vatntilvenning for dei aller minste og samtidig ein koseleg og morosam familieaktivitet! Bassenget skal vera fullt av leikar i ulike fargar og formar, og aktivitetane vekslar mellom leik og nærleik. I vatn opplever babyen varme, trygghet og har mogelegheit for å bevega seg ganske fritt.

Publisert av Timo Knoch. Sist endra 04.01.2018

Bindande påmelding skjer per epost til postmottak@eidfjord.kommune.no innan 25. januar 2018; eposten skal innehalda namn og fødselsdato til bornet, namn og telefonnummer til føresette og ynsket tidspunkt (dags-/kveldstid). Oppgjev gjerne om bornet har vore på babysymjing tidlegare. Kurset kan ha inntil 6 deltakarar, kostar kr 1000,- og går over 10 gonger ut april. Etter påmeldingsfristen vil alle påmeldte få informasjon om tidspunkt for oppmøte og info om opplegget.

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering