Babysymjing

Baby i vatnet - Klikk for stort bilete

Onsdag, 6. februar startar babysymjinga for born frå 8 veker med ei minstevekt på 4 kg. Babysymjing er ei fin form for vatntilvenning for dei aller minste og samtidig ein koseleg og morosam familieaktivitet! Bassenget skal vera fullt av leikar i ulike fargar og formar, og aktivitetane vekslar mellom leik og nærleik. I vatn opplever babyen varme, trygghet og har mogelegheit for å bevega seg ganske fritt.

Publisert av Timo Knoch. Sist endra 25.01.2019

Bindande påmelding skjer per epost til timo.knoch@eidfjord.kommune.no innan 3. februar 2019; eposten skal innehalda namn til bornet og namn og telefonnummer til føresette. Oppgjev gjerne om bornet har vore på babysymjing tidlegare. Kurset er lagt til ettermiddagen frå kl 16, kostar kr 1000,- og går over 10 gonger ut april. Avhengig av antall påmeldte kan det verte aktuell med to grupper. Etter påmeldingsfristen vil alle få informasjon om tidspunkt for oppmøte og info om opplegget.

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering