Bål- og bråtebrenning - forbodet oppheva

På grunn av nedbør dei siste dagane er det no tillete å brenna bål og bråte fram til 15. april. Sjå reglar under.

Publisert av Egil Holven. Sist endra 22.03.2018

I tida 15 april til 15 september er det ikkje lov å brenna bål i, eller i nærleiken av skog og mark.

 

Generelle regler for bål/bråtebrenning:

  • Det er kun tillate å brenna reint hageavfall som kvist, lauv, gras og liknande.
     
  • Brenning må ikkje skje nærare enn 8m frå hus, eller 10m frå skog og lyngområde.
     
  • Det er ikkje tillate å brenne i sterk vind, eller i tørkeperiodar.
     
  • Det må takast omsyn til naboar.
     
  • Det må ikkje brennast etter at det er blitt mørkt.
     
  • Vatn til sløkking, hageslange eller fylte bøtter, skal væra klar til bruk ved bålet.
     
  • Bålet skal ikkje væra større enn at det lett kan haldast under kontroll.
     
  • Bålet skal sløkkjast forsvarleg etter at brenninga er over.
     
  • All brenning føregår på eige ansvar.

     

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering