Hagevatning -

Vatning -  - Klikk for stort bilete Grunna langvarig tørke er det avgrensa kor mykje vatn husstandane kan bruka til plenvatning.
For stort forbruk kan føra til at brannvesenet ikkje får nok vatn til sløkking.

Publisert av Elsa Garatun. Sist endra 13.07.2018

 Vatningstips:

  • Unngå vasspreiar. Grasplenar har som regel ikkje behov for ekstra vatning.
  • Ved eventuelt langvarig tørke kan plenen få ei skikkelig ‹‹rotbløyte›› (tilsvarande 20 – 30 mm med nedbør).
  • Sjeldan vatning gjer robust plen med djupt rotsystem. Dermed vil plenen verta betre rusta mot uttørking.
  • Blomar bør vatnast regelmessig!
  • Unngå å vatna midt på dagen.Når sola skin vil vatnet fordampa med det same.
  • Dekk jorda! Grasklypp, bark e.l. held på fuktigheita i jorda.

Følgjer du desse enkle råda bidreg du til god kapasitet og sikker vassforsyning.

Ta kontakt med VA vakta på telefon  990 19 900 dersom du har spørsmål

 

Les heile artikkelen her (PDF, 218 kB)

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering