Informasjonsmøte om Skrantesjuke

Mattilsynet har pålagt alle hjortevilt jegerar i Eidfjord å ta prøve av felt hjortevilt (villrein, hjort og elg) 1½ år og eldre. Valdansvarleg har fått prøvesett for utdeling til sine jegerar. Frå Mattilsynet er det lagt vekt på at det skal takast hjerneprøve og prøve av lymfeknuter. Prøvesettet er tilpassa dette 

Publisert av Elsa Garatun. Sist endra 06.08.2018

For å informera og svara på spørsmål vil kommunen i lag med representant for Mattilsynet arrangera informasjonsmøte 16. august, kl 19.00 på Samfunnshuset i Eidfjord.

Det er viktig at jegerane følgjer opp sin plikt og tek prøver av felte dyr. Det er sterk fokus frå Mattilsynet å få inn nok prøvar til å kunna friskmelda regionen. Det er difor viktig at jegerane følgjer opp sin del av dette arbeidet.

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering