Kan bli ekstremvêr

Yr melder at det kan kome 340 millimeter nedbør på tre dagar. NVE har sendt ut fleire varsel og åtvarar om snøskred, jordskred og flaum i Hordaland og Rogaland.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 04.12.2017

Måndag ettermiddag sende meteorologane ut såkalla "Fase A-varsel", som tyder at lågtrykket kan medføra farleg vêr og utvikla seg til ekstremvêr. Det er dei store nedbørsmengdene og den kraftige avrenninga frå snøsmeltinga i fjellet som gjer at dei går til dette skrittet.
 

Det er venta lokalt svært mykje nedbør i indre og midtre strøk av Hordaland og Rogaland.

  • Måndag kveld og tysdag er det venta lokalt 120-140 mm i løpet av 30 timar
  • Onsdag er det venta 60-80 mm i løpet av 24 timar
  • Torsdag er det venta 90-120 mm i løpet av 24 timar
     

Det kan altså kome frå 270 til 340 millimeter nedbør dei neste tre dagane. Mest nedbør er venta i området mellom Boknafjorden og Hardangerfjorden.
 

Årsak til den kraftige nedbøren er to lågtrykk som treff Vestlandet tysdag og onsdag.
 

Vi vil få eit vindfelt som legg seg vest og sørvest rett på Vestlandet og gir veldig fuktig og mild luft. Det blir 8–10 grader i låglandet, og snøgrensa vil stiga til 1500–2000 meter. Sjølv på Finse vil det bli periodar med plussgrader, seier meteorolog Martin Granerød ved Meteorologisk institutt i Bergen.
 

Les meir om vêret på yr.no

varsom.no

 

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering