Klimaendringar på Vestlandet - foredrag og debatt

Kvifor er endringane dei siste 150 åra annleis enn tidlegare varmeperiodar, som under middelalderen eller for 7000 år sidan? Kva for klimaendringar skjer globalt, og kva for endringar vil skje her på Vestlandet? Kan kommunar og samfunn i Noreg bli del av den globale klimaløysinga?  Svara får du torsdag, 23.11.17, kl 18 i kultursalen på Quality Hotel Vøringfoss.

Publisert av Timo Knoch. Sist endra 14.11.2017

Forskar og geolog Kikki Kleiven set den globale klimaforskinga inn i eit lokalt perspektiv, og ho nyttar historiske hendingar for å kaste lys over dagens klimasituasjon.

Lars-Henrik Paarup Michelsen er dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Han kjem til Eidfjord for å utfordre lokale politikarar og kommunens borgarar: Kva gjer vår kommune for klimaet? 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering