Kommunedelplan for Sysendalen

Vedteken kommunedelplan for Sysendalen 

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 28.03.2017
  1. Med unntak av eit område aust for Drøllstølsbekken (markert kvit på kart), vert kommunedelplan for Sysendalen med planomtale datert 06.02.2017 og føresegner datert 27.02.2017 og plankart datert 27.02.2017, vedteke, jf. pbl. § 11-15.
     
  2. Fylkesmannen har motsegn til området aust for Drøllstølsbekken. Dette området kan kommunestyret ikkje eigengodkjenna, jf. pbl. § 11-16. Denne delen av planen vert sendt via Fylkesmannen til Kommunal- og moderniseringsdepartemenet til endeleg avgjerd, jf. pbl. § 5-4.
     

Denne melding om vedtak gjeld pkt. 1 i vedtaket. Vedtaket kan ikkje påklagast, jf. Pbl § 11-15, siste lekken.
 
 
Statens Vegvesen (SVV) og Fylkesmannen i Hordaland (FM) hadde motsegn til vedteke planforslag i kommunestyremøte 27.06.2016. Eidfjord kommune (EK) meiner no grunnlaget for motsegn frå SVV fell bort (SVV har og munnleg stadfesta dette). Planforslaget er og rydda i og gjort klart for oversending til KMD.


FM og EK er saklig usamde om planføremålet til arealkategori § 11-7. nr. 1, framtidig
bebyggelse og anlegg, for del av areal merka I2 i plankartet. EK legg til grunn Regional plan
for Hardangervidda 2011-2025. Det vert vist til formulering på s. 42; «Sonene skal
tydeliggjøre at dette er en regional- og grovmasket plan som skal utdypes videre i juridisk
bindende kommunale arealplaner.» 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering