Kunstnarstipendet for 2019 går til Gunnveig Nerol

Eidfjord kommune sitt kunstnarstipend har vore delt ut sidan 2004. I år var det 10 søkjarar og blandt desse vart juryen einige om å tildela stipendet til biletkunstnar Gunnveig Nerol frå Hol. I begrunninga frå juryen står det: Biletkunstnar Gunnveig Nerol er ein svært produktiv kunstnar i fleire teknikkar og materiale med sterke fargar og abstrakte komposisjonar. Ho har utført ei rekkje utsmykkingar i offentlege bygg mellom anna glassmåleri i Skjold kyrkje i Bergen. 
Kunstnarstipendet består av eit stipend på kr. 40.000,- samt tilbod om opphald i Bergsliskorane kunstnarbustad og utstilling i Galleri N.Bergslien. Du kan lese meir om Nerol her

 

Publisert av Bergljot Maria Veivåg. Sist endra 12.07.2018

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering