Landbrukskontoret

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 06.01.2017

Eidfjord, Odda, Kvam og Ullensvang har i fleire år samarbeidd om landbruksfaglege tenester ved at Ullensvang herad har arbeidsgjevaransvaret for alle dei tilsette på landbrukskontoret. Dei tre andre kommunane kjøper landbruksfaglege tenester i større og mindre grad frå Ullensvang herad.
 

Eidfjord kommune har frå oktober 2016 redusert kjøp av landbruksfaglege tenester frå 50 % stilling til 20 % stilling. For brukarane av desse tenestene vil det bety at landbrukskontoret frå no i snitt vil vera bemanna om lag 1 dag annakvar veke. Rundt søknadsfristane for produksjonstilskot (PT) vil kontoret vera bemanna noko oftare.


Hovudansvar for dei landbruksfaglege tenestene i Eidfjord vil vera rådgjevar Trine Hilstad
.


For søknadsomgangen no i januar 2017 vil Trine Hilstad vera på landbrukskontoret i Eidfjord

  • torsdag 12. januar 09:00 - 15:00
  • onsdag 18. januar 09:00 - 15:00
  • torsdag 19. januar 09:00 - 15:00.


Utanom desse dagane, ta kontakt på telefon 53 67 15 21.

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering