Lokal høyring - namnesak etter lov om stadnamn

Eidfjord kommune varslar med dette at Stadnamntenesta på Vestlandet har reist namnesak for øynamna Kjerøyna og Kvernhusøyna.

 

Saka vert med dette lagt ut til lokal høyring, med høyringsfrist 20. mars 2018.

Publisert av Katrine Helle Midtbø. Sist endra 02.02.2018

Bakgrunnen for namnesaka er oppstart av reguleringsplanarbeid i områda Kjerøyna/Kvernhusøyna. Det vart i dette arbeidet aktualisert korleis stadnamna skulle skrivast i offentleg samanheng. Stadnamntenesta tilrår skrivemåtane som vist over.

 

Namnesaka som er lagt ut til lokal høyring gjeld naturnamn, tunnelnamn  og nokre bruksnamn. For meir informasjon vert det vist til skriv i frå Statens Kartverk under:

 

Oppstart av namnesak (PDF, 886 kB)

 

Innspel må sendast innan 20. mars 2018 til:

Eidfjord kommune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

 

eller per e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering