Mobbeombodet i Hordaland

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
 

 

Publisert av Åshild Djønne. Sist endra 17.09.2018

Mobbeombodet i Hordaland heiter Mari-Kristine Morberg. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeombodet.
Telefon: 404 01 557
Snapchat: mobbeombod
www.facebook.com/mobbeombodet

Les meir om mobbeombodet på www.hordaland.no/mobbeombod

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering