MOTORSAGSKURS VÅREN 2019

Det vert arrangert motorsagskurs i Ulvik våren 2019.

Kurset vert gjennomført i samarbeid mellom Ulvik og Eidfjord bondelag og Ulvik skogeigarlag. Kurset går over to dagar.

Første dag vert på kvelden på onsdag 20. mars, og dag 2 vert på dagtid på laurdag 23. mars.

Det er instruktør frå Aktivt-Skogbruk/Skogkurs som er kurshaldar. Meir informasjon om kursinnhaldet finn ein på: http://www.skogkurs.no/kurs/kursbeskrivelse.cfm?id=549.

 

Dei som  ynskjer å melda seg på kurset kan gjera det ved å senda e-post til: Ulvik og Eidfjord bondelag ved Stein Olav Kolås okolaa@online.no eller Ulvik skogeigarlag ved Rolf Tore Djønne rolf.tore@aldegarden.no .

Siste frist for påmelding er sett til 21. februar 2019.

 

Publisert av Åshild Djønne. Sist endra 04.02.2019

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering