Nye tilsette ved Areal & Miljø

Publisert av Gunnar Elnan. Sist endra 12.10.2017

Marte Burheim Nermoen kom flyttande frå Trondheim og begynte hos oss i slutten av august. Ho er utdanna oppmålingsingeniør og skal saman med Bente Elin og Katrine ha ansvaret for kart og oppmålingsoppgåvene i Eidfjord og Ullensvang.

Louise Christine Pettersen er tilsett som prosjektleiar/byggjesakshandsamar. Ho vil på sikt overta Dag Haraldsen sitt ansvar med byggjesak. Som prosjektleiar vil ho vera sentral i kommunens utbyggingsprosjekt. Louise er utdanna jurist og har alt rukke å markera seg med å gi oss ei innføring i Lovdata pro. Elles er Louise habil i tysk etter å ha studert eit år i Tyskland.

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering