Offentleg bading kr 40

Offentleg bading kr 40,- for brukarar over 18 år

 

Publisert av Ingebjørg Myklatun. Sist endra 01.02.2018

På kommunestyremøtet i desember 2017, vart det bestemt at brukarar over 18 år skal betale 40 kr gongen når dei deltek på offentleg bading på Eidfjord samfunnshus.  Laurdagane er dugnadsbasert og gratis.

Betalinga skjer ved at du skriv namn, adresse, telefonnummer og mail på liste hjå badevakt.  Brukar kvitterar så på lista si kvar gong ein nyttar bassenget.  Lista ligg i vaktbua hjå badevakta.  På slutten av kvart semester, kjem det faktura frå kommunen.

Har du spørsmål til ordninga, ta kontakt med ass. rektor Hilde Anette Bu (skule@eidfjord.kommune.no)

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering