Ope møte om konsesjonsvilkår

Det vert invitert til ope møte om revisjon av konsesjonsvilkåra for Eidfjord – Nord reguleringa 24.11, kl 14.00 i kommunestyresalen på kommunehuset i Eidfjord.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 21.11.2017

NVE har vedteke å opne vilkårsrevisjon av «Eidfjordreguleringen» som omfattar reguleringar i Ulvik og Eidfjord knytt til kraftproduksjon i Sima kraftstasjon.
 

Hovudføremålet med revisjonen er å betra miljø- og natureffekttar utbygginga har medført. Revisjonen omfattar ikkje sjølve reguleringa med magasin og reguleringshøgder og rett til bortføring av vatn.
 

Revisjonen opnar for å sjå på miljøvilkår i form av m.a. manøvreringspraksis, minstevatn slepp, biotopjusterande tiltak og utsetjing av fisk.
 

Eidfjord kommune har gitt førebels innspel til følgjande forhold;
 

  • Oppdatering av utsettingspålegg og fiskeundersøkingar i vassdrag med anadrom laksefisk samordna med relevante tiltak i regional vassforvaltningsplan for Hordaland.
  • Miljøbasert vassføring gjennom året tilpassa produksjon av laksefisk og omsyn til turisme.
  • Fondskapitalen for felles Fiskefondet for Eidfjord og Ulvik vert auka for å kompensera for prisstigning.
  • Tiltak i viktige fiskeproduseranse innlandsvassdrag for å motverka effekt av reguleringa.
  • Villreinnemnda for Hardangervidda må høyrast i saka med tanke på villrein og trekkvegar for villrein.
  • Andre naturlege tema å ta opp er forhold til friluftsliv/reiseliv, landbruk og forholda for grunnvatn i Simadalen.
     

NVE ynskjer tilbakemelding på krav og at desse er så konkrete som mogleg, og om mogleg
prioriterte. Kommunen vil følgje dette opp for sin del og ynskjer difor innspel frå rettshavarar,
grunneigarar og interesseorganisasjonar. Det er og høve til å fremja krav direkte ovanfor NVE. 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering