Opningstider og stenging i Deildo

 Logo Statens vegvesen - Klikk for stort bilete

Publisert av Elsa Garatun. Sist endra 17.02.2017

 

Opningstider Deildo
Opningstider Deildo
Måndag - torsdagFredagLaurdagSøndag
05:00 - 08:3005:00 - 08:3000:01 - 08:3000:01 - 23:59
10:30 - 10:5010:30 - 10:5010:30 - 10:50
12:45 - 16:1512:45 - 23:5912:45 - 23:59
17:30 - 18:00
20:00 - 23:59

 

Stengd fem veker i Deildo

Rv.13 forbi Deildo i Hardanger må stengast i fem veker. Nok eit høgt fjellparti skal sprengjast ned i samband med rassikringsarbeidet på strekninga.
 

-Av omsyn til tryggleiken for vegfarande og anleggsarbeidarane er det naudsynt å stengje rv.13 forbi Deildo i fem veker i mars, veke 9-13, fortel byggjeleiar Terje Nesse. Tysdag 24. januar inviterer Statens vegvesen til informasjonsmøte om vegstenginga. Møtet vert halde i Sekse Barnehage klokka 18.
 

Same veg var også stengd mot slutten av 2016, då ein sprengde ned fjellpartiet kalla for «Osten». Denne gong er det eit parti like sør om Geithamrane som skal tas ned.
 

-Skjæringa er om lag 30 meter høg på det høgaste. Vi veit ikkje omfanget av sikringsarbeida som må utførast før trafikken kan passera forbi staden. Sikringsarbeida må utførast frå vegbana, noko som gjer det umogleg å ha trafikk forbi staden, opplyser Nesse.
 

Som sist vert det sett inn hurtigbåt mellom Lofthus og Børve i den tida vegen er stengd. Rutetabellen vert truleg den same. Statens vegvesen arbeider også med å få sett inn fleire avgangar i ferjesambandet Kinsarvik-Utne i same periode.
 

Når vegen likevel er stengd vil entreprenøren nytte høvet til å få unna  anna arbeid som er vanskeleg å få til medan det er trafikk på vegen.

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering