Orientering om Strandrydding i IHM-kommunane 2018

Logo IHM - Klikk for stort bilete

Dei fleste har sikkert fått med seg at det er ting på gang med omsyn til strandrydding landet rundt. Den 5. mai er det nasjonal strandryddedag som er del av ein heil strandryddeuke 30. april – 6. mai.  

 

Publisert av Elsa Garatun. Sist endra 19.04.2018

 Den 3. mai har Nrk Hordaland teke initiativ til ei nasjonal kampanjedag og har drege med seg lokalpresse  mm. som støttar opp om aksjonar den 3. mai. Programmet «planet plast» med Line Elvsåshagen har fått mykje merksemd. No når det vert taoe, vert all plast heller ikkje ute av syne eller sinn… Alt i alt vert det truleg eit stort engasjement som vil resultere i stor aktivitet både langs strandlina, i vassdrag og elles i nærområda våre.

IHM har no gått ut med info på våre heimesider. Her står det mellom anna at sekker til rydding er tilgjengeleg på alle IHM sine miljøstasjonar og TENESTE/KUNDETORG. Vi vonar dette er positivt, og at kommunen kan bidra både med utdeling av sekk og formidling av info.                                                                


Dersom de har spørsmål, kontakt oss gjerne på tlf. 56 52 99 00.

Lenke til info om strandrydding på våre heimesider: http://www.ihm.no/bli-ein-strandryddar

Lenke til Hold Norge rent: https://holdnorgerent.no/om-strandryddedagen/

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering