Overflatespreiing av husdyrgjødsel

Fylkesmannen har fått spørsmål om det er mogeleg med overflatespreiing av husdyrgjødsel i oktober. Bakgrunnen er den tørre sommaren som gjorde gjødselspreiing vanskeleg for mange, kombinert med ein våt haust no.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 27.09.2018

Etter forskrift om organisk gjødsel § 23 skal overflatespreiing av gjødsel skje seinast 1. september, men kommunen kan gje dispensasjon til og med 1. oktober (kommande måndag). Nokre kommunar har lokal forskrift med eigen frist mellom desse datoane. Utfordringa no er at det er ekstra dårlege tilhøve for gjødselspreiing, med vassmetta jord og stor avrenning.

Kommunen kan etter søknader frå det einskilde føretaket vurdere om ein også skal gje dispensasjon til overflatespreiing i oktober månad. Dette kan berre gjelde særskilte tilfelle, og vil bli vurdering etter § 31 i forskrifta.

Når kommunen skal vurdere om ein skal gje dispensasjon eller ikkje, og kva vilkår ein eventuelt skal setje, må ein vurdere forureiningsfaren og kva spreieareal som er eigna. Aktuelle vilkår kan vere avstand til vassdrag, evt mengder per dekar mm.

Kommunen kan ikkje gi generelle dispensasjonar. Det er totalt forbod mot spreiing av husdyrgjødsel frå 1. november.

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering