Parkering i Sysendalen

parkeringsskilt.JPG - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Det er vinter og det er kilometer med flotte skiløyper i Sysendalen. Du finner tre gratis offentlege parkeringsplassar på dagtid; ved Sysendalen skisenter, til venstre for brua på Fet og på Stakseng/Åstestølen.Løypemaskin blir kjørt kvar helg av gutane i Hardangervidda Ski og Fjellsport, i tillegg er dei ute med løypemaskina kvar tysdag, på oppdrag frå Eidfjord Idrettslag.

 

Følg løypemaskina på www.skisporet.no/hordaland/sysendalen.

 

Vær med å støtt Sysendalen Løypelag med løypeavgift på kr 700 på Vipps 82372 eller bankgiro 3450 37 86011.

 

God tur på ski og til fjells!

Publisert av Åshild Djønne. Sist endra 12.02.2019
Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering