Personvernombud

Frå 15.november vart Tore A.Tellevik tilsett i stillinga som Personvernombod i Kvam, Ulvik og Eidjford, og som Opplæringskoordinator i Kvam.

Stillinga er delt inn i fleire delar:

  • Personvernombod i Kvam: 30%
  • Personvernombod i Ulvik: 10%
  • Personvernombod i Eidfjord: 10%
  • Opplæringskoordinator i Kvam: 50%
Publisert av Åshild Djønne. Sist endra 23.11.2018

Kort om personvernombod

Den nye Personopplysningslova, som trådde i kraft den 20.07.2018, krev at det skal utnemnast eit personvernombod mellom anna dersom datahandsaminga «…utføres av en offentlig myndighet eller et offentlig organ…»
 

https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/virksomhetenes-plikter/personvernombud/hvem-ma-ha-personvernombud/
 

Dette regelverket er og kjend som GDPR. Regelverket er teken inn i den nye Personopplysningslova.
 

GDPR?

GDPR – General Data Protection Regulation - er ei forordning som er vedteken av EU. Meininga med forordninga er å styrkje personvernet til alle innbyggjarar, og sikre eit felles regelverk for personvern, i EU/EØS området.
 

Kva er eit personvernombod?

Personvernombodet skal:

  • Kontrollere at verksemda overheld personopplysningslova.
    • «Ombudet skal kontrollere overholdelsen av personvernlovgivningen og andre relevante regelverk med personvernbestemmelser, samt virksomhetens egne interne retningslinjer for personvern.»
  • Gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar
  • Samarbeide med Datatilsynet og ha funksjon som kontaktpunkt – internt og eksternt
  • Bidra til å få oversikt over handsamingane i verksemda

https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/virksomhetenes-plikter/personvernombud/personvernombudets-oppgaver/
 

Kva betyr det for deg?

Er du tilsett eller leiar og lurar på noko som har med personvern å gjere, så kan du ta kontakt. Personvernombodet kan rådgje og rettleie tilsette i det daglege arbeidet de gjer. Dette gjeld og dersom eininga eller avdelinga di skal innføre eit nytt system eller ny rutine.
 

Er du innbyggjar og lurar på noko i samband med personvern, eller om du lurar på kva rettar du har i samband med personopplysningane kommunen har om deg, så kan du og ta kontakt. Personvernombodet skal fungera som eit kontaktpunkt mellom deg som innbyggjar og kommunen som offentleg instans.
 

Kontaktinfo

Du er velkomen til å ta kontakt på telefon, epost, brev eller innom kontoret i 3.etasje på rådhuset i Kvam. Du kan og avtala trefftid i Eidfjord.
 

 

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering