Planendring av områdeplan Menes - Vik - Lægreid

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, og vedtak i formannskapet den 17.11.2017 vert det varsla oppstart av planarbeid for å endra delar av områdeplan Menes - Vik - Lægreid.


Frist for å koma med innspel og merknadar til planarbeidet er 05.01.2018.

Publisert av Katrine Helle Midtbø. Sist endra 30.11.2017

Planendringa omfattar eit areal på om lag 7 daa ved Kyrkjevegen på Lægreid. Formålet med planen er å leggja til rette for oppføring av garasje til lagring av Trolltoga. I tillegg ligg det ein eksisterande telefonsentral som kommunen ynskjer skal liggja under eit anna arealformål enn kva den gjer i dag. Gang- og sykkelvegen i eksisterande plan vil få noko annleis trasé, men eit samanhengande sykkelnett til områda rundt vil verta prioritert i planarbeidet. Endringa er vurdert til ikkje å vera konsekvensutgreiingspliktig.


Innspel og merknadar til planarbeidet kan sendast til:
Eidfjord kommune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord


eller via e-post til: postmottak@eidfjord.kommune.no

 

Oversiktskart (PDF, 985 kB)Planavgrensing (PDF, 686 kB)

For meir informasjon, ta kontakt med:
Katrine Helle Midtbø, planansvarleg
E-post: katrine.helle.midtbo@eidfjord.kommune.no
Tlf.: 53 67 36 58/91 88 07 30

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering