Preinvitasjon til Hardangerkonferansen 2018

siderglas.jpg - Klikk for stort bilete

Set av onsdag 14. og torsdag 15. november 2018, lunsj-til-lunsj-konferanse på Brakanes Hotel, Ulvik herad.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 25.06.2018

Hardanger

– ein region med ei berusande framtid ! Utvikling av heilårsturisme i Hardanger. Kreativitet og innovasjon for ei berekraftig utvikling. Det grøne Hardanger !
 

  • Kan sider frå Hardanger verta vår fremste merkevare?
  • Korleis kan me kobla lokal kultur med næringsutvikling?
  • Vil vinterturisme verta det nye satsingsområde for Hardanger?
  • Kva skal vi leva av i framtida i Hardanger?
     

Invitasjon

Invitasjon med spennande programma kjem i september. Det som skal bli varig må endrast. Difor set Hardangerkonferansen 2018 fokus på utvikling for å skapa ny vekst i eit langsiktig og berekraftig perspektiv.


Målet med Hardangerkonferansen står fast: Alle gode krefter som ønskjer positiv utvikling for Hardanger rettar energien same vegen og gjer kvarandre sterke.


Samarbeid gjev styrke

Hardangerkonferansen er eit samarbeid mellom Sparebanken Vest, BKK, Hordaland fylkeskommune, Visit Hardangerfjord, Hordaland Bondelag, Ulvik herad og Hardangerrådet iks

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering