Refusjon av ungdomskort - hausten 17

Dette punktet vart vedteke i budsjettsak 19.12.2016. "Refusjonsordninga for ungdomskort vert fjerna for heimebuande elevar frå hausten 2017."

Det vil sei at ordninga gjeld framleis for elevar ved vidaregåande skule som bur på hybel, men ikkje for elevar som mottek kommunalt utdanningstipend og bur heima.

Søknadsfrist: 10.12.17

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 27.11.2017

Du kan få refundert utgiftene dine til ungdomskort viss du:

  • er elev på vidaregåande skule i den tidsperioden som du krev refusjon for
  • er busett i Eidfjord kommune
  • har betalt så mange ungdomskort som du krev refusjon for

Me betalar ut refusjonskrav to gonger i skuleåret, i desember og juni. Du søkjer elektronisk her via heimesida vår.

Søknadsfrist: 10.12.17

Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
Artikkel (1)
 
Login for redigering