Registrering av vassforsyningssystem

Deler du brønn med naboen? No skal alle små vassforsyningssystem registrerast.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 17.04.2018

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vera registrert hjå Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du på mattilsynet.no.
 

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere staden i eit kart, og det er kun nokre få tilleggsspørsmål som skal svarast på.


Mange fordelar med å registrera vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan me bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt kan for eksempel vera god å ha når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikten gjer det mogeleg for oss å vurdera hensyn til drikkevannskjeldene på eit tidleg tidspunkt. 


Drikkevatnet skal vera trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevannsforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevant også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vera registrert står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lesa i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k. Informasjon til dei minste vassforsyningssystema gjev nyttig informasjon som er spesielt tilpassa små vassforsyningssystem.


Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet sitt sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakka med di lokale avdeling.

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering