Søknad om dispensasjon for flyging i Eidfjord 2018

Sjøflyselskapet som opererte i Eidfjord i sommar har på nytt søkt Luftfartstilsynet om dispensasjon for flyging i 2018.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 16.11.2017

Dette er grunngjeve i at dei ikkje har fått erfaring frå ein heil sesong og difor ikkje veit om det er kundepotensial. I 2017 vart det i perioden juni til oktober flydd 64 turar.
 

Luftfartstilsynet vil senda søknaden frå selskapet på høyring til kommunen. Konkret informasjon om søknaden vert lagt ut på heimesida når denne kjem.
 

Rådmann ynskjer på eit tidleg tidspunkt å informera om saka og gje moglegheit til å koma med innspel til saka.


Bed at innspel vert sendt kommunen innan 1. januar 2018.

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering