Stønad til revy og teater

teaterstoette.JPG - Klikk for stort bilete

Søk frifond innan 15. oktober

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 19.09.2018

Frilynt Norge er opptekne av at alle teatergrupper, revylag og skulerevyar i heile landet skal nyta godt av det som finnst av fordeler og støtteordninger. Her kjem ein oversikt over nyhende og medlemsfordelar det er kjekt å få med seg i haust.

 
Frilynt Norge er den største teaterorganisasjonen i landet. Heile 200 000 publikummarar vitjar teater- og revyproduksjonane hjå våre medlemar kvart år. Teatergruppene i Frilynt står for meir enn 300 produksjonar og 1000 forestillingar lokalt – og aktiviserer over 20 000 aktive amatørteaterfolk fra nord til sør.

 

Søk frifond innan 15. oktober

Me gler oss til å dela ut 2,2 millioner kroner til barne- og ungdomsteater, musikalar, skulerevyar og mange andre flotte kultur- og fritidsaktiviteter for unge under 26 år. Søk innan 15. oktober via www.frilynt.no.
 

Søk kundestøtte

Medlemane i Frilynt Norge ruvar allereide på toppen av læringsstatistikken i 2018! Over 3 millioner i instruktørstøtte kan bli resultatet dersom teatergruppene og revylaga gjennomfører produksjonane som innmeldt! Har de hugsa å søkja? Ta kontakt med oss eller sjå www.frilynt.no. Me hjelper dykk!
 

20% på teatersminke og parykkar

Alle medlemsgrupper og medlemane i gruppa får minst 20 % rabatt på alt av teatersminke og parykkar. No tek me også inn hundrevis av kostymar og andre spesialeffektar. Klikk deg inn på www.KostMask.no. Ta kontakt for å få rabattkode for medlemar.
 

Lån teaterfolka våre

«Lån Teaterfolka Våre» har blitt ein hit! Gratis «hjemme-hos-kurs» i scenografi, kostyme, teatersminke, revytekst, produksjonsledelse, økonomistyring, PR –og miniforedraget «Bli et folketeater». Du inviterer – me inspirerer! Perfekt kortkurs ein ettermiddag og kveld for dei frivillige i produksjonsapparatet. Det er stor pågang i periodar, så ver ute i god tid med forespurnad (kr 1000 i reiseavgift). Meir informasjon og bookingskjema finn du på www.frilynt.no
 

Gratis forsikring

Alle betalende medlemar opp til 70 år i våre medlemslag er dekka av forsikringsordninga Frilynt har hjå Gjensidige. Medlemsgruppene har også ansvarsforsikring hjå oss. Forsikringa vert spandert av Frilynt Norge. Les mer om forsikringen på www.frilynt.no.

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering