Tildeling av kunstnarstipend 2018

Petra Rahm vert tildelt Eidfjord kommune sitt kunstnarstipend for 2018. Stipendet er på kr. 40.000,-. Kunstnaren skal i fylgje tildelingskriteria  ha eit lengre opphald i Eidfjord i stipendåret, samt få tilbod om å ha ei utstilling i Galleri N.Bergslien. Det var 27 svært kvalifiserte søkjarar i år og Eidfjord kommune gratulerer Petra Rahm med tildelinga.

Publisert av Bergljot Maria Veivåg. Sist endra 23.06.2017

Begrunning frå juryen:
I Rahm sitt kunstnarskap er tid, minne og sakn tilbakevendande tema, arbeidet tek ulik fysisk form og er ofte stadbestemte. Ho interesserer seg for forhaldet mellom ei personleg oppleving og forteljing, og den større samanheng, historisk eller samfunnsmessig den er del av. Ho arbeider i ulike media, med tekst og foto, artistst books, arbeider med stadsidentitet og forteljingar. For tida held Rahm på med ei lydbasert utstilling og ei bok, samt workshop for born.

Rahm søkjer seg til Eidfjord for å arbeide tett på lokalsamfunnet, og vil la arbeidet ta form undervegs, ho vil ta utgangspunkt i personlege forteljingar om Eidfjord og omegn.

Petra Rahm arbeider og bur i Bergen, og gjekk ut frå Kunstakademiet, Kunsthøgskulen i Bergen i 2004. Ho er aktiv på samtidskunst-scena i inn- og utland.

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering