Tilskotsordningar i jordbruket våren 2018

Informasjon om tilskotsordningar i jordbruket våren 2018 i Eidfjord kommune

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 15.02.2018

Med dette vil me informera om:
 

1. Søknad om produksjonstilskot i jordbruket – søknadsfrist 15. mars.

  • I 2018 er fristen for å registrera del 1 av søknaden om produksjonstilskot sett til den 15. mars.
  • Du kan starta med å registrera søknaden frå 1. mars, og teljedato er 1. mars.
  • Dette betyr at det er dyretalet den 1. mars som er grunnlaget for utrekning av husdyrtilskotet og for storleiken på det som kan refunderast i ordninga «Avløysing ved ferie og fritid» for 2018.

Hugs at søknaden må vera registrert i eSTil innan 15. mars. Denne søknadsomgangen er det berre dei med dyr som skal registrera søknaden sin.
 

Meir informasjon kan du finna på Landbruksdirektoratet sine sider. Du er òg velkomen til å ta kontakt med landbrukskontoret (tlf: 477 13 576) om du har spørsmål eller treff på andre utfordringar i samband med dette.
 

2. Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) – søknadsfrist 1. april.

Skal du kunna få tilskot etter SMIL-ordninga, må du oppfylla visse vilkår. M.a.

  • må det vera eit føretak som står som søkjar.
  • på landbrukseigedomen der tiltaket skal utførast, må det føregå ein tilskotsberettiga landbruksproduksjon som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

Du kan sjå forskrifta og anna regeleverk, finna søknadskjema mm. her. Det er òg laga ein eigen, lokal «Kommunal tiltaksstrategi» for SMIL-ordninga som gjeld Eidfjord kommune.


Treng du hjelp, er velkomen til å ta kontakt med saksansvarleg på telefon 477 13 576.
 

Me veit førebels ikkje kor stor ramme som vert tildelt Eidfjord kommune i 2018, dette får me normalt i slutten av februar. Me vil prøva å informera om dette på heimesida straks me veit noko meir.
 

Søknadsfristen for tilskot etter SMIL-ordninga er 1.april i 2018.
 

3. Tilskot til drenering 2018

Det er råd å søkja om tilskot for drenering av innmark. Sjå Fylkesmannen i Hordaland eller ta kontakt med Landbrukskontoret (477 13 576). Førebels ikkje sett nokon lokal frist.
 

4. Investeringstilskot i landbruket (kommunal ordning) – søknadsfrist er 1. mai.

Nærare informasjon – ta kontakt med kommunen

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering