Totalforbodet mot bruk av open eld oppheva

Jenter på svaberget - Klikk for stort bilete Med bakgrunn i endra vêrsituasjon, og prognosar fra Meteorologisk institutt, opphevar brannsjefen i Granvin, Ulvik og Eidfjord forbodet mot all bruk av eld utandørs med verknad frå i dag onsdag 13 juni.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 13.06.2018

Brannsjefen viser til at det generelle forbodet mot å gjera opp eld i terrenget frå 15. april til 15. september gjeld. Det er likevel lov å gjera opp eld på stader der det ikkje kan medføra fare for brann.
 

All bruk av eld skjer på eige ansvar.

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering