UKM 2018

UKM 2018 - Klikk for stort bileteUKM 2018 Illustrasjon      

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 02.01.2018

I år er det Granvin sin tur til å arrangera UKM for kommunane Eidfjord, Granvin og Ulvik. Mønstringa er for ungdom under 20 år, og alle får vera med. Søndag 04. februar klokka 16:00 brakar det laus i ungdomshuset Trudvang i Granvin. Det er ikkje noko begrensning i genre eller uttrykksform for deltakarane, alt er lov.

Det er ikkje uvanleg å delta i fleire lokalmønstringar, f.eks. dersom du går på skule i ein annan kommune, eller ei gruppe har medlemar fra fleire kommunar.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Eidfjord kulturskule på tlf 53673645 eller mobil 97071399.

Påmelding skjer via UKM sine nettsider. Påmeldingsfristen er 26. januar.

 

Påmelding UKM

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering