Varsel om oppstart - Detaljplan for RA6, Gomakvilane

I medhald av plan og bygningslova, § 12-8 (oppstart av reguleringsplanarbeid) vert det med dette varsla igangsetjing av reguleringsplanarbeid for del av eigedom gnr. 18, bnr. 1, ved Gomakvile i Sysendalen, i Eidfjord kommune.

 

Frist for å koma med merknadar og innspel til planarbeidet er satt til 22.12.2017.

Publisert av Katrine Helle Midtbø. Sist endra 30.11.2017

Føremålet med planarbeidet er å legga til rette for utbygging av reinseanlegg ved Gomakvile i Sysendalen. Utslepp til Bjoreio og tilhøyrande vegsystem til planområdet vil vera viktige tema i planen. Planområdet er 108 daa stort, medan tiltaket planen skal legge til rette for vil femne om eit areal på 500 m2 til 1000 m2. Nytt reinseanlegg for Sysendalen vil vera naudsynt for kommunen, for å halde tritt med utbygginga av fritidsbustader. Plasseringa av eit slikt anlegg har vore nøye vurdert, og ein har kome fram til at plasseringa ved Gomakvile vil vera den mest eigna plasseringa av eit reinseanlegg.

 

Innspel og merknadar som gjeld løysingar eller særskilde tema som er relevante for planarbeidet kan sendast skriftleg til:

 

Norconsult AS
Pb. 85
5786 Eidfjord

E-post: eirin.sandsta.kvale@norconsult.com
 

For meir informasjon, sjå dokumenta under:

Brev om varsel (PDF, 185 kB) Kart (PDF, 939 kB) Vurdering av KU (PDF, 309 kB)

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering