Vedteken reguleringsplan Tinnhølen

Melding om vedteken reguleringsplan for Tinnhølen, Eidfjord kommune 

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 24.03.2017

Kommunestyret vedtok i møte 06.03.17 sak 17/008 reguleringsplan for Tinnhølvegen med damomoråde, planID 2009002.
Vedtak i kommunestyret:
Med heimel i plan- og bygningslova §12-12 vert reguleringsplan for Tinnhølvegen med damområde, planID 2009002, med Planomtale, plankart og føresegner, alle datert 30.11.16, vedteke.

De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vi takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plankart, føresegner og planbeskriving etter høyring og offentleg ettersyn i saksframlegga og saksprotokollen.

Saksdokument
Plankart, reguleringsføresegner og planbeskriving slik dei blei vedtekne, kopi av saksframlegg og saksprotokoll og andre sentrale saksdokument er tilgjengelege på Internett-sida vår: www.eidfjord.kommune.no

Dokumenta vil òg vere tilgjengelege på servicetorget til kommunen i perioden fram til klagefristen går ut. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte servicetorget på tlf. 53673500

Eventuelle klagar

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i Hardanger folkeblad 31.03.17. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 01.05.17

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering