Verdas største Pelton løpehjul

pelton_red.jpg - Klikk for stort bilete

Verdas største Pelton løpehjul er sett opp på plassen framfor Eidfjord kommunehus. Løpehjulet var i bruk på generatorane 1 og 2 i Sima kraftverk frå 1981 til 2015.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 31.05.2018

Dette er verdas største løpehjul, og veg 37.000 kilo med ein diameter på 5,06 meter. Det er laga i rustfritt stål med 13 % krom og 4 % nikkel.
 

Løpehjulet hadde vore i drift i ca. 30 000 timar då skovl nr. 22 knakk mens generatoren roterte med 300 omdreiingar per minutt.  Vekta av skovla er ca. 700 kg, så skadane på hjulet var så omfattande at det vart bestemt å bytta det ut med eit nytt hjul.
 

Delen som knakk av er sveist på att, men sprekken er tydeleg. Etter lengre tids arbeid med pussing og maling vart hjulet transportert ut av kraftverket til Eidfjord sentrum der det no er montert.
 

(Tekst: Statkraft)

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering