Publisert 21.06.2018

Modnen barnehage er ein barnehage med 4 avdelingar der me gjev tilbod til born opp til skulealder.

Me treng:

100% fast barnehagelærar, frå 01.08. 2018
100% vikariat barnehagelærar, frå 01.08. 2018 – 31.07.2019.
100 – 170% vikariat for fagarbeidar/assistent, frå 01.08. 2018 – 31.12.2018

 Som barnehagelærar ynskjer me at du har godkjent barnehagelærarutdanning

Publisert 20.06.2018

Lægreid skule er ein barne- og ungdomsskule med 99 elevar og ca. 30 tilsette.  Me treng dyktige medarbeidarar som likar å arbeide i eit hektisk, triveleg spanande miljø.

Det er ledig inntil 200% stillingar som fagarbeidar/assistent frå 30. juli i år.  Stillingane har ulike stillingsstorleikar og ulike lengder, i samband med permisjonar og sjukefråvær.  Tilsetjinga gjeld arbeid både i skulen og i SFO.    Søknadsfrist: 4.juli 2018.

 

Publisert 19.06.2018

Eidfjord sokn høyrer til Eidfjord kommune som strekk seg frå Hardangerfjorden og inn mot Hardangervidda nasjonalpark. Eidfjord er ein kraftkommune med 921 innbyggjarar. Her finn du eit  koseleg  sentrum med gangavstand til alt du treng. Vakker natur legg til rette  for variert friluftsliv heile året og her er kort avstand frå flotte strender ved fjorden til høgfjellet på Hardangervidda.  Gode  oppvekstforhold for barn.

Eidfjord har ei praktisk og moderne arbeidskyrkje med kyrkjelydssal, peisestove, møterom, kjøkken og kontor for dei tilsette. I Eidfjord ligg også  ei «Jakobskyrkje» frå ca 1309.

 

Sjå heile annonsen her (PDF, 522 kB)

Publisert 23.05.2018

Pleie- og omsorgstenesta har basen sin på Bygdaheimen og er ei integrert teneste. Det betyr at dei tilsette arbeider fleksibelt både på sjukeheimen og i heimetenesta. Deler av Bygdaheimen heldt for tida til i mellombels sjukeheim i påvente av ferdigstilling av ny sjukeheim.  Me har eit godt arbeidsmiljø og mange trivselstiltak i kvardagen

 

Publisert 07.03.2018

Barnehagen treng vikarar ved sjukdom og anna fråvære. 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering