Kommunevåpen

Eidfjord kommune sitt våpen vart godkjent i Statsråd 2. november 1984, fastsett ved Kongeleg resolusjon. Bakgrunn for resolusjonen var eit kommunestyrevedtak i Eidfjord 13. juli 1984, som vart sendt via Fylkesmannen i Hordaland og Kommunaldepartementet.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 18.06.2014

Kommunevåpen Eidfjord - Klikk for stort bilete

Fargar

Eidfjord sitt kommunevåpen: På blå grunn eit sølv reinsdyrgevir.
Eidfjord sitt kommuneflagg : På blå grunn eit kvitt reinsdyrgevir.
 

Bakgrunn

I kommunestyresak 42/82 vart John Digernes engasjert for utarbeiding av kommunevåpen, og innbyggjarane vart oppmoda om å senda framlegg til han. I kulturstyresak 44/83 gjekk fleirtalet inn for reinsdyrgevir som motiv, med fylgjande grunngjeving:

Reinsdyr var grunnlag for folkesetnaden i Eidfjord, og har vore viktig
næringsgrunnlag for folket i alle år, og har i dag sin kulturverdi.

  • Gevir er symbol for kraft. (Eidfjord er ein livskraftig kommune.)
    Taggane kan stå som symbol for vekst.

  • Geografisk kan motivet symbolisera elvane frå fjellet som møtest ved
    fjorden.

John Digernes teikna eit gevir sett framanfrå, og dette vart godkjent av riksarkivet i mars 1984.

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering