100 % ledig fast stilling som reinhaldsoperatør

100 % ledig fast stilling som reinhaldsoperatør

Me søkjer etter deg som har fagbrev som reinhaldsoperatør og som ynskjer å arbeida mellom fjord og fjell i vene Eidfjord kommune.

Søknadsfrist: 06.10.2022

Søk på stillinga

Arkivsak 22/853
Som reinhaldsoperatør er du med på reingjera våre kommunale bygg og ta vare på bygga våre.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg - og periodisk reinhald på våre kommunale bygg.
  • Hovedreingjering
  • Bruk og vedlikehald av reinhaldsmaskiner og utstyr

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør eller har ynskje om å ta fagbrev som reinhaldsoperatør
  • Kunne bruka digitale verktøy, samt gode norsk kunnskaper skriftleg og munnleg (miniumskrav B1, Nivå frå Det felles Europeiske rammeverket for språk.)
  • Ynskjeleg med førarkort kl.B
  • Politiattest for arbeid i helse, barnehage eller skule/SFO

Personlege eigenskapar:

  • Ansvarsfull, pliktoppfyllande og har yrkesstoltheit
  • Arbeida sjølvstendig, men også i team
  • Ryddig, strukturert og målretta
  • Positiv innstilling og lika å arbeida med menneske
  • Har godt humor og er fleksibel

Me kan tilby:

  • Lønn etter tariff
  • God pensjonsordning i KLP

Ynskjer du meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med leiande reinhaldar, Eldbjørg Stenberg.
Informasjon om Eidfjord kommune finn du på våre nettsider www.eidfjord.kommune.no.

Søknad med CV kan du senda inn elektronisk.

Arkivsak: 22/853
Søknadsfrist er 06.10.2022

Eidfjord ligg inst i Hardangerfjorden i Vestland (tidl. Hordaland) og har ca. 950 innbyggjarar. Eidfjord kommune sitt areal er på 1500 kvadratkilometer, og av desse ligg 95 % over 600 meter over havoverflata. Dette tyder at ein har nok plass for både innbyggjarar og vitjarar.

Kontakt

Eldbjørg Stenberg
Leiande reinhaldar/reinhaldar
E-post
Telefon 53 67 35 12
Mobil 474 09 642

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00