100% svangerskapsvikariat som sjukepleiarMe lyser ut 100 % svangerskapsvikariat som sjukepleiar i PLO med arbeid dag/kveld,og kvar 3. helg. Søknadsfrist 31.01.23 Publisert 05.01.2023 11.02 Sist endra 24.01.2023 15.04 Søk på stillinga Merk søknadsskjema med : arkivsakID: 23/25 Søknadsfrist er sett til 31.01.2023 Om bygdaheimen Bygdaheimen er basen til pleie- og omsorgstenesta i Eidfjord kommune. Sjukeheimen var ny i 2019 og ligg nydeleg til på Brotkanten. Tenesta er integrert, noko som betyr at dei tilsette arbeider fleksibelt både på sjukeheimen og i heimetenesta. Det er 10 nye omsorgsbustader i tilknyting til Bygdaheimen. Me har mange dyktige tilsette. Arbeidsoppgåver Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningslinjer Ivareta dokumentasjonsplikt og ha fokus på fagutvikling Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elever Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande Bidra til eit godt arbeidsmiljø både kollegialt og fagleg Bidra til eit godt omdømme Rettleiing av sjukepleiarstudentar Kvalifikasjonar Søkjaren må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg Førarkort klasse B. Kommunen har tenestebilar tilhøyrande heimetenesta Personlege eigenskapar Beslutningsdyktig Må kunne jobbe sjølvstendig og i team, både med assistentar, sjukepleiarar og leiar Gode evner til samarbeid, kommunikasjon og koordinering Fleksibilitet, samhandling og heilskapleg tenking er ein føresetnad Ansvarsbevisst Godt humør Me kan tilby Utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver Godt arbeidsmiljø Engasjerte kollegaer som er stolt over jobben sin Gode forsikrings- og pensjonsordningar Bedriftshelsetjeneste God sjukepleiedekning Løn etter gjeldande tariff Arbeidstida vert gjennomsnittsberekna med arbeid i gjennomsnitt tredje kvar helg Andre opplysningar I Eidfjord kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg eller med barn, unge og funksjonshemma vise politiattest før tilsetning. Denne må visast ved tilbod om tilsetjing og skal ikkje leggjast ved søknaden. I samsvar med offentleglova kan me vera forplikta til å offentleggjere opplysningar om søkjarar som har bedt om å verta unntatt offentlegheit. Kontaktopplysningar Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Margunn Lægreid tlf 414 68 449 eller einingsleiar Karin Flatabø Thrane, tlf. 951 38 645. Søk på stillinga Merk søknadsskjema med : arkivsakID: 23/25 Søknadsfrist er sett til 31.01.2023