100% vikariat som konsulent i tenestetorget

Eidfjord kommune har ledig vikariat fram til 1.10.24 i 100% stilling som konsulent i tenestetorget. Moglegheit for forlenging.  Søknadsfrist 01.03.2024

Søk på stillinga

Arkivsak: 24/133
Søknadsfrist 01.03.2024


Om stillinga

Som vikar vil du kunne arbeida med oppgåver innan heile arbeidsfeltet til tenestetorget slik som; Sentralbord, ekspedisjon, post/arkiv, politiske møte, sakshandsaming, personal/HR, Eidfjord nytt, med meir.
Du vil inngå i teamet ved tenestetorget og saman med andre tilsette løysa dei oppgåvene som til ei kvar tid ligg til tenesta. Oppgåvene vert fordelt mellom medarbeidarane. Du må pårekna endringar i arbeids- og ansvarsområdet.

Kvalifikasjonar

•    Relevant utdanning og kompetanse enten på fagarbeidarnivå eller gjennom høgare utdanning.             Realkompetanse kan kompensera for manglande utdanning. 
•    Har kunnskap og praksis frå offentleg verksemd. 
•    Fleksibel i høve til arbeidsoppgåver – og kan jobba sjølvstendig. 
•    Har gode kunnskapar i bruk av IKT. Kjennskap til Websak er ein fordel. 
•    Har godt humør og er glad i å ha kontakt med folk. 
•    Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.
Løn etter utdanning/kompetanse jf. tariffavtale.

Kontaktopplysningar

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med Rådmann, Magnus Steigedal; magnus.steigedal@eidfjord.kommune.no

Informasjon om Eidfjord kommune finn du på våre nettsider www.eidfjord.kommune.no

Søknad med CV kan du senda inn elektronisk,
Arkivsak: 24/133

Kontakt

Magnus Steigedal
Rådmann
E-post
Telefon 93 64 44 42
Mobil 93 64 44 42