60% prosjektleiarstilling – betre tverrfagleg innsats for barn og unge

60% prosjektleiarstilling – betre tverrfagleg innsats for barn og unge

Dette er ei spanande stilling for deg som er engasjert i, og har kunnskap om, sårbare barn og unge, førebyggjing og systemarbeid. 

Søknadsfrist 06.02.2023.

Søknad

  • Søknadsskjema
  • Merk søknadsskjema med : arkivsakID 23/77
  • Søknadsfrist 06.02.2023

Om stillinga

Me søkjer etter ein engasjert prosjektleiar som kjenner kommunen vår, og som vil utvikla og formalisera ein heilskapleg og tverrsektoriell modell som skal styrkja tidleg innsats og oppfølging av barn og unge. 

Prosjektperioden går over 2 år, med høve til forlenging med atterhald om statleg finansiering. Prosjektet skal ha eige budsjett og rekneskap.

Du vert tilsett i eininga helse og omsorg, og vil arbeida tett saman med prosjektgruppa, styringsgruppa og aktuelle samarbeidspartar. Som prosjektleiar vil du samarbeida med, og få rettleiing frå, Bufdir og kompetansesentra KoRus, RVTS og RKBJ. 

Arbeidsoppgåver

Prosjektleiar vil få ansvar for å drifta og fylgja opp samarbeidet med Bufdir og kompetansesentra.  Viktige oppgåver vil vera å halda framdrift i prosjektet, sikra medverknad frå barn og unge og skapa samarbeidsklima mellom alle tenestene som vert involvert i utarbeiding av modellen.

Hovudarbeidsoppgåver 

  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av prosjektet i tråd med målsetjingane i tilbodsbrev og rundskriv 19:2019 
  • Ansvar for fortløpande prosjektstyring og framdrift/rapportering
  • Syta for godt samarbeid mellom alle involverte i prosjektet 
  • Sikra godt samarbeid og dialog med Bufdir, Helsedirektoratet og kompetansesentra 
  • Ivareta og sikra brukarmedverknad i prosessen 

 
Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå (minimum Bachelornivå innan tema barn og unge) og det er ynskjeleg med relevant vidareutdanning innan dei tema prosjektet omhandlar 
  • Ynskjeleg med erfaring frå leiing av prosjektarbeid og tverrfagleg samarbeid 
  • Erfaring frå og kjennskap til arbeid med utsette barn og unge 
  • Erfaring/kompetanse innan analyse og systemarbeid 
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar  

 
Det kan verta noko reising i arbeidstida, og du må difor disponera eigen bil som vert kompensert gjennom det kommunale reiseregulativet. 

Personlege eigenskapar 

  • Gode samarbeidsevner og kan driva utviklingsprosessar på ein motiverande måte 
  • Sjølvstendig og strukturert med evne til å inspirera, tenkja nytt og jobba målretta 
  • Løysingsorientert og med god gjennomføringsevne 
  • Initiativrik og gode kommunikasjonsevne, relasjonelt , skriftleg og munnleg 
  • Stort engasjement for barn og unge 

 
Me tilbyr

  • Deltaking i nettverk knytt direkte til dette prosjektet 
  • Ei spanande stilling der du får brukt engasjementet og kunnskapane dine 
  • Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper og brukarar 
  • Løn etter tariff 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår 
  • Bedriftshelseteneste 

Politiattest 

I Eidfjord kommune må alle som skal arbeida innan helse og omsorg eller med barn, unge og funksjonshemma syna politiattest før tilsetjing. Denna må synast ved tilbod om tilsetjing, og skal ikkje leggjast ved søknaden.

Søkjarlista

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysingar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verta ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Bakgrunn

Eidfjord kommune har fått tildelt 1 million kroner frå Barne, ungdoms og familiedirektoratet som tilskot til å styrkja kommunen sitt utviklingsarbeid innan førebygging og arbeid for å hindra problemutvikling, ekskludering og marginalisering av barn og unge.

Tilskotet skal nyttast til eit prosjekt med mål om å utvikla og implementera ein kommunal modell som skal synleggjera korleis planar, verkty, rutinar og samhandlingsarenaer i kommunen skal bidra til systematisk identifikasjon og oppfylging av utsette barn og unge på alle nivå.

Kontaktopplysingar

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Karin Flatabø Thrane, tlf. 951 38 645.  

Kontakt

Karin Thrane Flatabø
Einingsleiar
E-post
Telefon +47 53 67 35 75