Byggjesakshandsamar

Byggjesakshandsamar

Eininga Drift & Forvaltning i Eidfjord kommune har ledig stilling som byggjesakshandsamar.
Me ser etter nokon med interesse for feltet, og som kan bidra til god kvalitet i kommunen sitt forvaltningsarbeid.

Søknadsfrist 25. mai 2020

Søk på stillinga

Arkivsak: 20/352

Arbeidsoppgåver knytt til byggjesak vil mellom anna vera:

Handsama byggjesaker

  • Førebu dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova som skal til politisk handsaming
  • Føra bygningsdelen av matrikkelen
  • Ulovlegheitsoppfølging og eventuelt tilsyn etter plan- og bygningslova
  • Rettleia private, utbyggjarar og næringsliv
  • Andre oppgåver kan verta tillagt stillinga.

Som tilsett på eininga må du dessutan rekna med å ta del i oppgåver knytt til tilgrensande saksfelt, til dømes seksjoneringssaker, delesaker, adressesaker og saker etter matrikkellova.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning til dømes innan juss, ingeniørfag eller arkitektur
  • I særlege tilfelle kan lang erfaring innan fagfeltet kompensera for manglande utdanning
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter
  • Evne til å arbeida nøyaktig, effektivt og sjølvstendig
  • Evne til å formulera deg klart og tydeleg skriftleg og munnleg

Me tilbyr

  • Høve til vidareutdanning
  • Høve til å vera med og påverka eigen arbeidskvardag
  • Hjelp til å skaffa bustad
  • Løn etter avtale

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med assisterande kommunalsjef Louise Pettersen. Informasjon om Eidfjord kommune finn du på våre nettsider www.eidfjord.kommune.no

Søknad med CV kan du senda inn elektronisk, Arkivsak 20/352

Søknadsfrist er måndag 25. mai 2020.

Kontakt

Louise Pettersen
Ass. kommunalsjef - Drift & Forvaltning
E-post
Telefon 53 67 36 54
Mobil 415 77 063

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00