Søk på stillinga
Arkivsak: 26/905
Ein av våre trufaste brannmannskap har etter lang fartstid i brannvesenet, valgt å slutte. Eidfjord brannvern søkjer derfor etter ein ny staut tilsett som ynskjer å vera med å gjera ein ekstra innsats for bygda vår.
Eidfjord brannvern er underlagt Voss brannvern og har brannsjef på Voss. Med nye fasilitetar i ny brannstasjon vil du vera med å forma korleis Eidfjord brannvern skal vera i framtida lokalt. Du vil og få tilgang til trimrom på brannstasjonen
Om stillinga
Stillinga er 2 % fast stilling samt deltaking i 5 - delt helgevakt.
Fellesøvingar er normalt lagt til kveldstid, mellom 18:00 og 21:00 - vår og haust.
I tillegg vil det vera ei øving på 2 timar, kvar 5. fredag ilag med vaktlaget. Alle øvingar er obligatoriske, og er løna i 2 % stillinga.
Jobben i brannvernet høver like godt for kvinner som for menn, me har i dag to damer som er tilsett.
Krav til stillinga:
- Bur innanfor 4-6 min køyretid frå brannstasjonen, og har førarkort klasse B.
- God fysisk form for stillinga
Ynskte kvalifikasjonar:
• Har sertifikat kl BE og/eller C (CE)
• Har kode 160 i sertifiktatet (utrykningssertifikat)
• Har teoretisk / praktisk kunnskap innanfor førstehjelp / HLR- redning
• Har praktisk jobberfaring/evner
• Ei føremon dersom du har gjennomført sikkerheitsopplæring/røykdykkarutdanning
• Beherskar norsk skriftleg og muntleg
• Fysisk form som krav til røykdykkarar
Dersom du er over 20 år og oppfyller eit eller fleire av kriteria ynskjer me å høyra frå deg,
Det viktigaste er likevel at du har lyst til å gjera ein innsats i brann og redningsarbeid, i bygda di.
Opplæring/Kursing
Det vil verta gitt opplæring i faget undervegs i arbeidsforholdet. Du vert pålagd å gjennomføra obligatoriske kurs/utdanning innan brann og redningsfaget, når brannvernet skaffar plass på aktuelle kurs.
Tilsetjingsvilkår
I brann – og eksposjonsvernlova §18 heiter det at det skal krevast uttømmande politiattest etter politiregisterlova §41, ved ansettelse i brann – og redningsvesenet. Det vil derfor verta krevd gyldig politiattest ved tilsetjing.
Du må kunne ta fri frå houvdarbeidsgjevar ved utrykningar.
Vil du vera med på ei fredagsøving?
Er du usikker på om dette er noko for deg - ta kontakt. Du kan gjerna vera med på ei fredagsøving med eit vaktlag om du har høve.
Spørsmål
For spørsmål i samband med denne lysinga ta kontakt med lokal brannvernkoordinator Ole-Johnny Odland på mobil: 919 16 212 eller Kommunalsjef Arne Bu på mobil: 971 93 211.
Send inn søknad
Søknad sender du elektronisk. Du finn søknadsskjema på heimesida vår under sjølvbetjening.
Arkivsaknummeret er 26/905
Søknadsfrist: 15.06.2026