Heimehjelp/assistent i Pleie - og omsorgstenesta

Heimehjelp/assistent i Pleie - og omsorgstenesta

Eidfjord kommune har ledig 64 % fast stilling som heimehjelp/assistent i pleie - og omsorgstenesta frå 01.12.2020. Søknadsfrist: 23. november 2020

Søk på stillinga

ArkivsakID: 20/925

Pleie- og omsorgstenesta er ei integrert teneste og har basen sin på Bygdaheimen. I vår teneste arbeider dei tilsette for det meste fleksibelt både på sjukeheimen og i heimetenesta. Bygdaheimen er ein heilt ny sjukeheim som var ferdig i januar 2019.

Me har eit godt arbeidsmiljø og mange trivselstiltak i kvardagen. Pleie- og omsorgstenesta har årsturnus med mogelegheit for sjølv å påverka arbeidsperiodar og friperiodar. Arbeidstida vert gjennomsnittsberekna med arbeid i gjennomsnitt kvar tredje helg.

Fordi me er ei fleksibel teneste er det nødvendig med førarkort i stillinga.

I stillinga som no er utlyst er det for tida hovudsakleg dagvakter som heimehjelp i vekene og arbeid på dag og kveld kvar 3.helg i PLO.

Lønn

Lønn etter gjeldande tariff.

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med avdelingsleiar Kari Helland Bu

Søknad

Søknad sender du inn elektronisk, Arkivsak 20/925


Søknadsfrist: 23.november 2020.

Kontakt

Kari Hellend Bu
Avdelingsleiar, Heimetenester
Telefon 53 67 35 70