Helsefagarbeidarar

Helsefagarbeidarar

Me har ledig ein fast stilling og to vikariat.
Søknadsfrist 27. mai 2020

Søknad

Send søknad med CV til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller bruk elektronsik skjema.

Søknadsfrist 27.05.20

Merk søknaden med

  • Sak nr. 20/347 for den faste stillinga
  • Sak nr. 20/348 for vikariata

Stillingane

  • Fast 100% stilling for helsefagarbeidar frå 17.8.20
  • 65% stilling – vikariat frå 17.8.20 – 20.1.2021
  • 70% stilling – vikariat frå 17.8.20– 19.3.2021

For den faste stillinga er det nødvendig med førarkort.  For vikariata er det ikkje eit krav om førarkort. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til vikariata kan assistentar verta vurderte.

Løn

For alle stillingane gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår. Løn etter gjeldane tariff.

Spørsmål

Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med einingsleiar Gunn Sandvik.

Om Eidfjord

Eidfjord kommune ligg inst i Hardangerfjorden. Her er flott natur med høge fjell og vidder og blå fjord. Me er vel 900 busette i kommunen og har god plass til fleire. Det er kort køyreavstand til Voss, og berre to timar til Bergen.

Om Bygdaheimen

I Eidfjord har me heilt ny sjukeheim som opna i 2019. I tilknytning til denne er det 10 omsorgsbustader. Pleie- og omsorgstenesta i Eidfjord er ei integrert teneste der tilsette arbeider fleksibelt både i institusjon og heimetenester. Me har eit godt arbeidsmiljø og mange trivselstiltak i kvardagen. Eininga har innført årsturnus med gjennomsnittleg arbeid kvar 3 helg.

Kontakt

Gunn Sandvik
Einingsleiar - Pleie og omsorg
E-post
Telefon 53 67 35 75
Mobil 975 01 432

Adresse

Brotkanten 18
5783 Eidfjord