Kokk/assistent i 20% helgestilling

Kokk/assistent i 20% helgestilling

Me lyser etter kokk med fagbrev, og/eller god erfaring, til 20% helgestilling med arbeid kvar 2.helg på Bygdaheimen i Eidfjord kommune.

Søknadsfrist: 18.07.2021

Søknad

Bygdaheimen

Bygdaheimen er basen til pleie- og omsorgstenesta i Eidfjord. Sjukeheimen var ny i 2019 og ligg nydeleg til på Brotkanten. Tenesta er integrert, noko som betyr at dei tilsette arbeider fleksibelt både på sjukeheimen og i heimetenesta. Det er 10 nye omsorgsbustader i tilknyting til Bygdaheimen.

Me har mange dyktige tilsette, men treng fleire, me har godt arbeidsmiljø og mange trivselstiltak i kvardagen. Det er til tider høgt temp noko som betyr at orden, struktur og god kontroll er sentralt. Du jobbar til tider aleine noko som gjer at du må vera sjølvstendig og ta ansvar.

Me kan tilby

  • Utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Engasjerte kollegaer som er stolt over jobben sin
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelsetjeneste
  • Løn etter gjeldande tariff

Spørsmål

Kontaktopplysningar Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med
avdelingsleiar Trude Herstad tlf 416 24 938 eller einingsleiar Karin Flatabø Thrane,
tlf. 951 38 645.